Om oss
Roset Trafikkskule
Om Roset Trafikkskule AS
Roset Trafikkskule vart etablert i Årdal i 2022 og tilbyr føraropplæring i klasse B – både med manuelt gir og automatgir med elbil. Me har fokus på moderne undervisningsmetodar, kort ventetid og eit trygt og godt læringsmiljø.
Bak trafikkskulen står Jan Harald Roset, utdanna trafikklærar frå Nord Universitet i 2021. Etter endt utdanning arbeidde han saman med Marit Høgheim i Høgheim Trafikkskule, før han starta si eiga verksemd i heimbygda. Jan Harald har solid fagleg kompetanse og eit sterkt engasjement for trygg trafikkopplæring – med elevane i sentrum.
Roset Trafikkskule held til i Storevegen 15 i Øvre Årdal og har elevar frå heile regionen. Me tilbyr opplæring i nye og moderne bilar, og brukar digitale hjelpemiddel for å sikre god oppfølging og læring. Undervisninga vert tilpassa kvar enkelt elev, og me legg stor vekt på tryggleik, mestring og trivsel.
Vel du Roset Trafikkskule, får du eit lokalt forankra tilbod med personleg oppfølging og høg kvalitet. Me hjelper deg trygt ut på vegen!
Jan Harald Roset
Daglig leder / Trafikklærer
Underviser i klasse
BAut, B, TG
Marit Elisabeth Høgheim
Faglig leder
Underviser i klasse
BAut, B, TG