Trafikkland

Roset Trafikkskule

Trafikkland

Vi i Roset Trafikkskule er stolte over å kunne støtte det viktige arbeidet Trafikkland gjer for trafikkopplæring av dei yngste. Som ny sponsor har vi no inngått ein avtale som kjem både lokalsamfunnet og borna til gode.


Gjennom avtalen med Trafikkland har Roset Trafikkskule forplikta seg til å kjøpe inn refleksar og refleksvestar til heile 2. klasse ved Farnes skule. Dette er eit ledd i vårt engasjement for trygg trafikk – og for å skape gode haldningar til trafikktryggleik frå ung alder av.


– Som trafikkskule er det naturleg for oss å bidra til at barn i nærområdet lærer seg å bli sett i trafikken. Refleksen redder liv, og dette er noko vi med glede støttar.

Refleksane og vestane vert delte ut i samband med undervisninga på Trafikkland, der borna lærer om trygg ferdsel i trafikken på ein praktisk og engasjerande måte.


Vi håpar at dette tiltaket ikkje berre gjer borna tryggare – men òg inspirerer andre til å bruke refleks i haust- og vintermørket.

Ta kontakt

Messenger

Medlem av:

Norges Trafikkskoleforbund-logo Trafikkforum-logo