🚗⚽ Roset Trafikkskule inngår sponsoravtale med Årdal FK

Roset Trafikkskule

🚗⚽ Roset Trafikkskule inngår sponsoravtale med Årdal FK

Roset Trafikkskule er stolte over å kunne meddele at vi har inngått ein sponsoravtale med Årdal Fotballklubb for sesongane 2025–2026. Avtalen inkluderer skiltreklame på Jotun Stadion, heimebana til Årdal FK, og gode medlemsfordelar for alle i klubben.

– Vi ønskjer å støtte opp om det gode arbeidet Årdal FK gjer for barn og ungdom i lokalsamfunnet, og samtidig gje noko tilbake til medlemmane, seier Jan Harald Roset, dagleg leiar ved Roset Trafikkskule. Samarbeid mellom lokale aktørar er viktig for å skape eit levande og inkluderande nærmiljø.


Som ein del av avtalen får alle medlemmer i Årdal FK:


20 % rabatt på køyretimar

10 % rabatt på obligatorisk opplæring

Avtalen gjeld for heile 2025- og 2026-sesongen, og begge partar har allereie uttrykt glede over samarbeidet.

Vi ser fram til å heie på Årdal FK – både på bana og på vegen mot lappen! 🙌

Ta kontakt

Messenger

Medlem av:

Norges Trafikkskoleforbund-logo Trafikkforum-logo